Kinn Murar
Lyst Lagerøl 0,75l flaske
Murar er eit lyst og leskande lagerøl med ein lang, behageleg ettersmak av edel humle. Vi gjærar ølet ved ekstra låg temperatur slik alle lagerøl vart gjæra før i tida. Murar er sjølvsagt ufiltrert og ettergjæra på flaska, for å bevare mest mogeleg av dei fine smaksnyansane frå dei gode råvarene og den lange, kalde gjæringsprosessen. Skjenk slik at det skummar godt i glaset; då får du fram meir av dei gode smakane. Passar veldig godt til fisk og skaldyr.
kr 72,10
kr 96,13/l